søndag 5. april 2009

Eg veit
ikkje kvar
vi skal

Men eg gler meg
medan vi kjem dit

Ann Kavli


Våren har komme, eller i det minste er den på veg. Snøen i fjella kryp oppover for kvar dag som går. På veg til skulen ser eg snøklokker som kikkar fram frå alle krikar og krokar, og om ikkje lenge vil påskeliljene utanfor huset sprette ut og då vil eg vere helt sikker, våren har komme. Eg har allereie våga meg til å kaste frå meg vinterjakka, eg veit det kanskje ikkje er så lurt og at eg kanskje vil ende opp sjuk fordi ein kler av seg for tidlig, men eg kan ikkje gå glipp av detta. Kan ikkje gå glipp av desse dagane der eg kan kjenne solstrålane så smått begynne varme meg i kjakane. Kan ikkje gå glipp av dei dagane asfalten er tørr og eg kan ta på meg dei nye raude skoa mine. Eller dei dagane der gradestokken viser meir enn fem grader klokka ni, og eg tenker at det er synd eg skal sitte på skulen når eg heller skulle vert ute for å nyte dagen. Men likevel møter eg til timen. Det er ikkje mange dagane igjen av skulen no, og det nærma seg faretruande dagen då eksamen står for tur. Inni meg har eg ei kjensle av glede for å endeleg vere ferdig, samtidig som det er litt vemodig at vi ikkje skal vere saman lenger. Aldri skal vi sitte i same klasserommet, aldri skal vi hjelpe kvarandre med oppgåver, aldri skal vi gå til skulen ilag, aldri skal kvardagen vår bestå av dei same frustrasjonane. Alle skal vi begynne heilt på nytt, gjere ting på eiga hand og sørge for vår eiga framtid. Ein tanke som er skummel, men samtidig er det so utruleg spennande å finne ut kva framtida bringer.

tirsdag 10. februar 2009

Tankar som flyg igjen.

Hektiske dagar, som eigentlig enda i eit resultat som vil vere uvist for oss ei stund til. Vi arbeider med feltarbeid, og det går treigt. Eller kanskje det berre er eg som er ukonsentrert igjen. Det hender svært ofte at eg tek meg sjølv i å dagdrømme. Drømme meg langt vekk i frå alt som har med feltarbeid og skule å gjere. Eg lika det. Bare la tankane flyge rundt, flyge ut frå eit lukka grupperom på biblioteket til ei verd langt der ute. Eg likar sitte sånn å lage mine eigne historiar som endar opp i dei artigaste variantar og eg sitte å smiler litt for meg sjølv, før eg kjem til bevisstheita igjen når eg høyrer spørsmål som vert retta mot meg. Etter å ha vert langt vekk i drømme land, og verken fått med meg spørsmål eller diskusjonen rundt spørsmålet har eg små sjansar til å svare, og eg prøver å hente meg inn igjen medan andre snakkar. Eg tenker for meg sjølv at dette skal ikkje skje igjen, før eg ser ut glaset og tankane flyg igjen over på andre ting…

søndag 25. januar 2009

Kyssesjuka og feltarbeid e ein dårlig kombinasjon

Som om det ikkje var nok å skulle ta til på det mest krevande arbeidet gjennom heile utdanninga, har eg i tilegg klart å verte sjuk. Dagane har stort sett bestått av å komme seg heilskinna gjennom skuledagane for deretter å stupe ned i den svarte skinn sofaen og bli liggande der resten av kvelden. I mangel på motivasjon til å ta til på nåke vetig, enda eg som regel opp med å sjå på utallige kjedelige underhaldningsprogram på tv. Og utruleg nok kan ein verte sliten av detta og, men eg e heldig som har to snille sambuarar her som orka å gjer meg utallige tjenestar som å lage middag og hente is i frysaren når eg treng.. takk for at deke helde ut me masinga mi :)