søndag 5. april 2009

Eg veit
ikkje kvar
vi skal

Men eg gler meg
medan vi kjem dit

Ann Kavli


Våren har komme, eller i det minste er den på veg. Snøen i fjella kryp oppover for kvar dag som går. På veg til skulen ser eg snøklokker som kikkar fram frå alle krikar og krokar, og om ikkje lenge vil påskeliljene utanfor huset sprette ut og då vil eg vere helt sikker, våren har komme. Eg har allereie våga meg til å kaste frå meg vinterjakka, eg veit det kanskje ikkje er så lurt og at eg kanskje vil ende opp sjuk fordi ein kler av seg for tidlig, men eg kan ikkje gå glipp av detta. Kan ikkje gå glipp av desse dagane der eg kan kjenne solstrålane så smått begynne varme meg i kjakane. Kan ikkje gå glipp av dei dagane asfalten er tørr og eg kan ta på meg dei nye raude skoa mine. Eller dei dagane der gradestokken viser meir enn fem grader klokka ni, og eg tenker at det er synd eg skal sitte på skulen når eg heller skulle vert ute for å nyte dagen. Men likevel møter eg til timen. Det er ikkje mange dagane igjen av skulen no, og det nærma seg faretruande dagen då eksamen står for tur. Inni meg har eg ei kjensle av glede for å endeleg vere ferdig, samtidig som det er litt vemodig at vi ikkje skal vere saman lenger. Aldri skal vi sitte i same klasserommet, aldri skal vi hjelpe kvarandre med oppgåver, aldri skal vi gå til skulen ilag, aldri skal kvardagen vår bestå av dei same frustrasjonane. Alle skal vi begynne heilt på nytt, gjere ting på eiga hand og sørge for vår eiga framtid. Ein tanke som er skummel, men samtidig er det so utruleg spennande å finne ut kva framtida bringer.