søndag 5. april 2009

Eg veit
ikkje kvar
vi skal

Men eg gler meg
medan vi kjem dit

Ann Kavli


Våren har komme, eller i det minste er den på veg. Snøen i fjella kryp oppover for kvar dag som går. På veg til skulen ser eg snøklokker som kikkar fram frå alle krikar og krokar, og om ikkje lenge vil påskeliljene utanfor huset sprette ut og då vil eg vere helt sikker, våren har komme. Eg har allereie våga meg til å kaste frå meg vinterjakka, eg veit det kanskje ikkje er så lurt og at eg kanskje vil ende opp sjuk fordi ein kler av seg for tidlig, men eg kan ikkje gå glipp av detta. Kan ikkje gå glipp av desse dagane der eg kan kjenne solstrålane så smått begynne varme meg i kjakane. Kan ikkje gå glipp av dei dagane asfalten er tørr og eg kan ta på meg dei nye raude skoa mine. Eller dei dagane der gradestokken viser meir enn fem grader klokka ni, og eg tenker at det er synd eg skal sitte på skulen når eg heller skulle vert ute for å nyte dagen. Men likevel møter eg til timen. Det er ikkje mange dagane igjen av skulen no, og det nærma seg faretruande dagen då eksamen står for tur. Inni meg har eg ei kjensle av glede for å endeleg vere ferdig, samtidig som det er litt vemodig at vi ikkje skal vere saman lenger. Aldri skal vi sitte i same klasserommet, aldri skal vi hjelpe kvarandre med oppgåver, aldri skal vi gå til skulen ilag, aldri skal kvardagen vår bestå av dei same frustrasjonane. Alle skal vi begynne heilt på nytt, gjere ting på eiga hand og sørge for vår eiga framtid. Ein tanke som er skummel, men samtidig er det so utruleg spennande å finne ut kva framtida bringer.

tirsdag 10. februar 2009

Tankar som flyg igjen.

Hektiske dagar, som eigentlig enda i eit resultat som vil vere uvist for oss ei stund til. Vi arbeider med feltarbeid, og det går treigt. Eller kanskje det berre er eg som er ukonsentrert igjen. Det hender svært ofte at eg tek meg sjølv i å dagdrømme. Drømme meg langt vekk i frå alt som har med feltarbeid og skule å gjere. Eg lika det. Bare la tankane flyge rundt, flyge ut frå eit lukka grupperom på biblioteket til ei verd langt der ute. Eg likar sitte sånn å lage mine eigne historiar som endar opp i dei artigaste variantar og eg sitte å smiler litt for meg sjølv, før eg kjem til bevisstheita igjen når eg høyrer spørsmål som vert retta mot meg. Etter å ha vert langt vekk i drømme land, og verken fått med meg spørsmål eller diskusjonen rundt spørsmålet har eg små sjansar til å svare, og eg prøver å hente meg inn igjen medan andre snakkar. Eg tenker for meg sjølv at dette skal ikkje skje igjen, før eg ser ut glaset og tankane flyg igjen over på andre ting…

søndag 25. januar 2009

Kyssesjuka og feltarbeid e ein dårlig kombinasjon

Som om det ikkje var nok å skulle ta til på det mest krevande arbeidet gjennom heile utdanninga, har eg i tilegg klart å verte sjuk. Dagane har stort sett bestått av å komme seg heilskinna gjennom skuledagane for deretter å stupe ned i den svarte skinn sofaen og bli liggande der resten av kvelden. I mangel på motivasjon til å ta til på nåke vetig, enda eg som regel opp med å sjå på utallige kjedelige underhaldningsprogram på tv. Og utruleg nok kan ein verte sliten av detta og, men eg e heldig som har to snille sambuarar her som orka å gjer meg utallige tjenestar som å lage middag og hente is i frysaren når eg treng.. takk for at deke helde ut me masinga mi :)

mandag 8. desember 2008

Tankar i ein natte - time

Klokka viser 04.43 og eg ligg våken å stirra i taket medan eg høyrer på regnt ute. Eg kjenner den kalde vinden som strøymer inn det halv ope vinduet, og eg fryser litt. Brer dyna og teppet godt over meg, og prøver å få sove igjen. Men det går ikkje, eg har lyst å slå på pcen og skrive, men i staden vert eg liggande å tenke på alle dei fine menneska som eg kjenner. Alle er fine på sine eigne måtar, og eg tenker på alle dei tinga eg har gjort og kanskje tinga eg ikkje har fått tid til å gjere ilag med dei, men som eg gjere skulle ha fått tid til. Som å seie at eg bryr meg om dei å at eg er glad i dei. Er ikkje so ofte eg seie det til folk, og eg bestemme meg for at eg må begynne å gjere det litt oftare. Eg vert liggande våken lenger, og tenker på ped. eksamen som eg har om to dagar. Eg bekymra meg for lite tenker eg, alle andre er stressa på grunn av eksamen, men eg føler ingenting. Koffer ikkje? Vert liggande å bekymre meg for at eg bekymra meg for lite til eksamen. Og håper at eg snart skal begynne å innsjå at eksamensdagen snart er der. Men eg orka ikkje det enda, kanskje i måro. I måro skal eg begynne bekymre meg meir.

torsdag 9. oktober 2008

Vi spiser is for å bli gla.

Klokka skulle stillast på ti, kanskje kvart over ti eller nærmare hal elve. Uansett så skulle resten av dagen brukast på oppgave skriving. Men når klokka blir utsett i det lengste, og den faretruande nærma seg halv ett før eg endelig klare komme meg opp av senga, i dusjen og videre til frukostbordet har dagen allerede fått eit skjeivt utgangspunkt. Eg gjer lite i å rette oppigjen, og brukar heller lenger tid med frukosten enn eg vanligvis gjer. Eg lika å bare sitte der, drikke kaffi, lese avis og sjå ut vinduet. Som alltid ser eg ut på det det store treet borterst i hagen til naboen. Det er snart heilt brunt. Allerede i slutten av august var brunfargen framtredande på blada og eg undra meg over kvifor det treet mista fargen og glansen så mykje tidligare enn dei andre trea i hagen. Eg likar å tenke at det er det eldste treet i hagen. At det er utslitt etter å ha blomstra heile sommar og at det treng meir kvile enn resten, så derfor får det lov til å gå i dvale fyst. Eg smiler for meg sjøl og forsett med avisa. Dagen forsetter uten at eg klare konsentrere meg om oppgava, eg prøver litt, men dett av etter ei stund. tankane mine er forsatt i ferie modus eller i en anna modus som eg ikkje klare beskrive. Dei er iallefall ikkje innretta mot pedagogikken. Eg ser på deg, og du gir meg eit blikk som seier at det ikkje berre eg som er frustert. Vi er det ilag, vi er oppgitt i lag, vi er frusterte ilag, og du seier vi må spise is for å bli glad. Vi gjer det. vi finn isen i fryseren og benker oss foran tven. Du lurer på om eg er glad no. Eg seie eg er fornøgd og ler.

tirsdag 16. september 2008

Solglytt

Svakt forsvinn konsentrasjonen min vekk fra førelesinga, ut av rommet, ut det opne vinduet på tredje rad. Ein solglytt har brøyta seg gjennom skydekket, medan vinden får trea til å danse. Eg er vekke, eg føler med trea som svajar i vinden av det som kanskje er den siste dagen, av ein sommar som snart skal ende si ferd for denne gang. Eg vil ut. Danse rundt, ligge på den grønne bakken, ein siste gang før høstregnet kjem. Eg vil ut. Eg vil le, ete is og smile. Saman med deg. Eg vil ut, trekke pusten djupt, kjenne lukta av sommar ein siste gang. Eg vil ut. Vil kjenne det kalde vatnet som møte beina, i det vi vasser rundt i strandkanten, og blir einige om at det ikkje var så kalt som vi fyst trudde. Kanskje tørr vi bade? Eller kanskje vert vi sittande å berre sjå på bølgene som slår fint inn over sanden. Eg vil ut. Ta bilder av ditt smil i den varme sola. Eg vil ut. Vil nyte dagen, og siste rest av sommaren, før eg er nødt begynne å samle sammen delane av det som skal verte ein konsetrasjon som klarer seg gjennom førelesingane. Men no vil eg ut.

lørdag 16. august 2008

St Lawrences tårer

Under ein stjerneklar himmel vert vi ståande med blikket retta oppover. Det går ikkje lenge for vi legg merke til stjerneskudda som raskt glir over himmelen. Det er vakkert, og blikka våre søker etter fleire stjerne som fell. Den kalde sommarnatta gjer graset vått, men vi legg oss ned likevel. Det er ikkje ofte vi ligg slik å ser på stjernene, men i natt er det spesielt med meteorstormen som treff rett over oss. Vi leitar etter fleire stjerne skudd, og blikket glir over himmelvelven. Det tar ikkje lenge før det kjem fleire. Vakkert er eit ord vi begge brukar, og blir ivrigare for kvar skudd vi ser. Vi ligg å undrer oss over slike fenomen og gløymer heilt kulden i denne sommarnatta. Vi er godt kledde der vi ligg, både vinterjakke og lue er henta fram. At klokka nærma seg langt på natt tenker vi ikkje over, det er berre kjekt å kunne ligge slik, snakke om ting vi aldri snakkar om elles, og bare kvile blikket mot den vakre stjernehimmelen. Det er eit fantastisk syn, som kun kan opphevast ved at dagen gryr.