lørdag 16. august 2008

St Lawrences tårer

Under ein stjerneklar himmel vert vi ståande med blikket retta oppover. Det går ikkje lenge for vi legg merke til stjerneskudda som raskt glir over himmelen. Det er vakkert, og blikka våre søker etter fleire stjerne som fell. Den kalde sommarnatta gjer graset vått, men vi legg oss ned likevel. Det er ikkje ofte vi ligg slik å ser på stjernene, men i natt er det spesielt med meteorstormen som treff rett over oss. Vi leitar etter fleire stjerne skudd, og blikket glir over himmelvelven. Det tar ikkje lenge før det kjem fleire. Vakkert er eit ord vi begge brukar, og blir ivrigare for kvar skudd vi ser. Vi ligg å undrer oss over slike fenomen og gløymer heilt kulden i denne sommarnatta. Vi er godt kledde der vi ligg, både vinterjakke og lue er henta fram. At klokka nærma seg langt på natt tenker vi ikkje over, det er berre kjekt å kunne ligge slik, snakke om ting vi aldri snakkar om elles, og bare kvile blikket mot den vakre stjernehimmelen. Det er eit fantastisk syn, som kun kan opphevast ved at dagen gryr.

Ingen kommentarer: