lørdag 16. august 2008

Morgonsteming

Eg vaknar med ein sang på hjernen, ja faktisk opptil fleire, eg syng meg gjennom dusjen, eg syng meg gjennom frukosten og eg syng meg faktisk gjennom tre heile kaffikoppar medan eg leikar med tanken på å bare kunne rope så høgt eg vil, medan eg spring bortetter dei nyslåtte engane og kræsjlande slik at eg vert liggande å sjå opp på skyene som stadig skiftar former. I stadenfor å sitte å fantasere tek eg på meg sko og går ein tur bortover enga, det er klart i veire, men eg ser tunge skyene heng nedover fjelle på sørsida og eg veit at det ikkje er lenge før det begynne å regne. Eg strekker meg og plukker opp ein femkløver. Angra meg så fort eg har den i handa. Ein femkløver tyder ulykke, og eg begynner febrilsk å leite etter ein firkløver for å vege oppigjen lykka. Det er ikkje lett, og eg skjønar at når ein leitar så finn ein den nok aldri. Men eg gjer ikkje opp og vert sittande å studere kvar ein kløver. Eg kjenner dråper på armen og ser opp, å får fleire som treff meg midt i ansiktet. Det regna. I ei eng med tusen kløvera står eg og ønska eg hadde tatt med paraply. Eg rusla tilbake, irritert på firkløveren eg aldri fann.

Ingen kommentarer: